Sist oppdatert: 24/ 3 -11
|
|
Her kommer aktuelle meldinger fra styret. Nå har vi endeleg fått i orden heimeside for Viltlaget og Heimraste. Styret for Viltlaget i 2011, består av: Tore Hemli, Styreleder. Varamenn: Per Einbu, Knut Krokrud. Lagets representanter i Lesja Elgutvalg, er Tore Hemli, og Per Ø. Tore Hemli vart valgt som leder for Elgutvalget i 09. Det vil i år bli utlyst Harejakt frå den 10/ 9. Sjå under småvilt. Valåe. Lesjaskog Heimrast har saman med Nils Bøe, Sigurd Holseh, og Småkraft A/S. Søkt om konsesjon for bygging av minikraftverk i Valåe. Ser omsider ut til at det skjer noko her i næraste framtid, da søknaden endeleg er kome ut av køen ved NVE. Plan for minikraftverk i Valåe ligg nå ute til offentleg tilsyn. Kommuna har varsla eit åpent orienteringsmøte i slutten av Juli. Og planen skal behandlast av kommunestyret i haust ein gong. Styret håpar at dei som kan og har anledning vil møte opp på orienteringsmøte. Vi er redd motstandarane møter mannsterke og får dominere heile møte. Kraftverk i Valåe vil nok bli den største saken i Heimraste på mange år, som alle medlemmene får direkte inntekt av. i all framtid framover. Med minimale inngrep. Det kan og bli den einaste inntektskjelda åt Heimraste utanom jakt, nå som fjellet på begge sider er verna. Og strøm vil vel alle hå. Valåe blir ikkje utbygd i denne omgang. etter ein underleg saksgang og eit uforståeleg kommunestyrevedtak, så vil nok Valåfossen renne for fullt i mange år enda. Men kanskje ein gong. Gratis rådyrkort åt alle innabygds fystegongs jegarar uansett alder. Hjortjakta vil bli utlyst for seg sjølv. Jakttid:10/9-22/9 og 1/11-15/11 Det er anledning både for lag og enkeltpersoner å søkje. Pris kr45 pr.kg . For ho dyr. Kr. 65 pr kg for hann dyr. Og1000 kr i forskudd pr dyr. Utlysing kjem seina Ny fiskeavtle med Lesjaskogsvatnet Fiskeforening. Årleg leie er nå på kr4000. Pr år. Det vil frå 2008 bli lov for utanbygds å fiske med garn i følgjande vatn: Herrahøtjønn , Bøverbotn og i Bøvertjønnin. Fem garn pr kort. Maskevidde står på kortet. Hjortjakt og jaktpakker på reinsjakt, sjå under info om jakt. Lesjaskog Heimrast Styret for Lesjaskog Heimrast består nå av: Tore Hemli styreleder.stein Inge Bjorli, Kjetil Espeset, Per Ø. Øverli, og Ove Magne Haugen. Varamenn: Lars Erik Bjølverud, Elisabeth Kjønsletten. Snurrukurs Som ei av dei fåe kommunane i landet, har innbygjarane i Lesja Kommune løyve til å drive med snurrufangst etter rupe. Men interessa for slik fangst er minkande, og i Lesjaskog Viltlag`s område er det nå berre ein som driv med snurru. Hvis det er interesse for det, vil Heimraste ordne til eit kurs til vinteren. Kurset er tenkt avhalde i Bjorli der ein lett kjem til fjells med heisen.Meire informasjon om kurset kjem seinare. Det er aldeles sikkert at retten til ådrive med snurru fangst , fell bort hvis ingen driv med det lengre. Beiteskade på innmark. Det har gjennom åra vore ein del beite skade av elg og hjort på dyrka mark. Dette har både økonomiske konsekvensar, og er til stor irritasjon for den enkelte grunneigar som blir ramma. Før kunne ein få økonomisk kompensasjon gjennom kommunens viltfond ved stort avlingstap grunna beiteskade, men dette er det nå slutt på. I staden kan kommuna nå låne, el. leie ut ymse hjelpemidel. Så som elektriske gjerder, hylerer o.l. Det kan og søkjast om skadefelling, noko som vart gjort i fjor, da vi felte ein hjort hos Ola Lien. Det er særleg hjorten som er den låkaste på jordene dei siste åra. Den byrjar tidleg om våren og går meire i flokk. Felling av dyr på jordet ser ikje ut til å ha anna effekt enn at det blir eit dyr mindre. Det såg vi i fjor, da flokken kom frampå att mindre enn ein time etter felling. Viltlaget har fått ein del kritikk, for å ha gjort for lite med problemet. Det vi har foretatt oss i år er: a. Utlysing av hjortjakta for seg sjølv. Med jakttid frå den 10/9- 20/9. Frå den 11/10- 17/10, og frå den 1/11-15/11 Med det håper vi å få heva fellingsprosenten . Samstundes vil vi oppfordre jegarane om å jakte på innmark. b. Hårforsøk. Det er ikje berre her vi har problem med beiteskader. Og frå reportasjar i ymse fagblad har det kome fram at utlegging av folkehår rundt jordet, får hjorten til å sky. Difor har vi i vinter samla inn hår frå Joruns Hårstugu, og delt ut tre bæreposar med hår, til Ola Lien, Erik Bakken og undertegnede. Håret skal legjast i små netting posar, el. Nylonstrømper, og hengjast opp i greiner i jordkanten der ein veit hjorten kjem. Virkninga skal halde seg i tre veker, før den må skiftast. Eg synest det er verdt eit forsøk. Det er lite arbeid, og heilt gratis. Info. om småviltjakt vil bli utlagt på butikkane og Hydro Texaco på Bjorli som før om åra. Ellers er styret glad for å få opplysningar ang. beiteskader av elg og hjort. Erstatning etter vasskraftutbygginga av Ettare Bøvervatnet Etter åtte år ser det endeleg ut til at erstatninga etter utbygginga går i orden. Statkraft kalla inn til møte nå den 28. Og kom der med eit såpass bra tilbod at både Per johs Stueflotten, som har representert Heimraste i alle desse åra, og styret, har takka ja. Heimraste får etter dette ei eingongs utbetaling på kr 80 000. Med renter utger denne summen nå kr 112000. For fallrettigheitane får vi etter renter kr 326000 Dette er betydeleg meire enn vi hadde håpa på. Laget er Per Johs Stueflotten stor takk skyldig for alt arbeide han har lagt ned alle desse åra. Også private grunneigarar i Bjorli har godtatt nytt tilbod, og samla erstatning til heimraste og private utgjer godt 1,9 mill. kr. Dammen ved Lesjaskogsvatnet. Dammen er merka av tidens tann. Armeringa er kome fram , og vannstanden er nok lavare enn den var. Saman med Fiskeforeminga har vi hatt befaring med Kommuna og NVE. NVE vil i løpet av høsten utarbede plan for renovering og kostnads overslag. Per Nordsletten har fått i oppdrag å ordne anbudspapir |
|
|
|